Sámegillii

Planter i Finnmark - 9

Forklaring og litteraturliste

ERTEFAMILIEN - FABACEAE

Lækjesteinkløver
Dábálaš miehtaluovvar
Melilotus officinalis

Ferske skot og blad kan spisast rå og brukast i matrettar.
Øvre delar av planta tørkast og brukast til urtete. Virkar mot hovudverk, nervøsitet og søvnløyse og forkjøling.
Gjæra og tørka planter brukast blodfortynnande, mot blodpropp. Må ikkje brukast når ein har innlagt stent, pacemaker eller andre implantat i blodomløp eller hjerte.
Som omslag utvortes på sår og forstuingar, revmatiske smerter, hovne ledd m.m.
Kvitkløver
Vilgesluovvar
Trifolium repens

Blomar og blad kan spisast, rå i salat eller kokt som grønnsak.
Urtete av blomane kan brukast mot magesjukdomar, gikt og forkjøling.
Raudkløver
Ruksesluovvar
Trifolium pratense

Blomar og blad kan spisast, rå i salat eller kokt som grønnsak.
Urtete av blomane kan brukast til blodreinsking, urindrivande, avgiftande, beroligande, mot hevingar, forkjøling, astma og kreft, hormonproblem i overgangsalder for kvinner m.m.
Sirup av blomane er bra mot hoste.
Friske blad eller uttrekk i vatn kan brukast som omslag eller i smøringar mot hudproblem.
Alsikekløver / Forkløver
Alsikeluovvar
Trifolium hybridum

Te av blømande planter kan brukast mot betennelse, smertestillande og reinskande
Friske blad eller uttrekk i vatn kan brukast som omslag eller i smøringar mot hudproblem.
Sneglebelg
Gieddeluov­varaš
Medicago lupulina

Tiriltunge
Fiskesmiehta­luovvar
Lotus cornicolatus

Har vore brukt mot depresjon, søvnløyse m.m., men på grunn av varierande innhald av giftstoff kan ein ikkje tilrå planta brukt som medisin.




Setermjelt
Duottarsáhpal
Astragalus alpinus

Blomane kan spisast og tørkast og brukast i te.
Gulmjelt
Gottesáhpal
Astragalus frigidus

Blåmjelt
Davvesáhpal
Astragalus norvegicus

Lupin
Lupiidna
Lupinus sp.

Giftig

Fuglevikke
Sáhpánsáhpal
Vicia cracca

Plante med blomar eller bare blomar kan brukast til tinktur eller uttrekk i varmt vatn. Styrkar blodomløpet, urindrivande, mot arterosklerose, revmatisme, håravfall, øyebetennelse, høgt blodtrykk, nyrestein, urinvegsbetennelse, psoriasis, akner, hemoroider, betennelser i eggstokker og lymfeknutar.
Utvortes bruk (bad, vasking, omslag): mot betennelse i hud, bryst, lymfeknutar, hevelse i ledd, blodansamling i huden, sår som ikkje vil gro.
Gjerdevikke
Áidesáhpal
Vicia sepium

Same bruk som fuglevikke
Tofrøvikke
Bealdosáhpal
Vicia hirsuta



Vårerteknapp
Giđđasáhpal
Lathyrus vernus

Strandflatbelg
Riddosáhpal
Lathyrus japonicus

Knollerteknapp
Giegasáhpal
Lathyrus linifolius



Gulflatbelg
Niitosáhpal
Lathyrus pratensis

Rundbelg
Gáiccasáhpal
Anthyllis vulneraria





GAUKESYREFAMILIEN – OXALIDACEAE

Gaukesyre
Gieganjuovčča
Oxalis acetocella

Blad: Spisas rå. Kan brukast til salat og graut.






STORKENEBBFAMILIEN – GERANIACEAE

Skogstorkenebb
Boares­gállárássi
Geranium silvaticum

Blad, blomar, heile plante eller jordstenglar kan som avkok, uttrekk i vatn og/eller alkohol brukast bl.a.:
Utvortes til omslag, skylling, vask og klyster: mot betennelse i auge, endetarm og kjønnsorgan, sår som vanskelig gror, eksem, psoriasis, herpes.
Innvortes mot diabetes, betennelse i hals svelg og spiserør, magesekk og tarmar, kreft, bronkitt, lungebetennelse, revmatisme og kraftig menstruasjonsblødning. Gurglevatn mot sår og sopp i munnen.
Småstorkenebb
Unnaalitrássi
Geranium pusillum

Som skogstorkenebb.
I tillegg mot diare, allergi, bakterier, prostata, sure oppstøt. Reduserer kolestrol og blodsukker.
Tranehals
Bealdolotte­njunni
Erodium cicutarium




Plante - 1 - Sopp
Plante - 2 - Alger, moser, lav
Plante - 3 - Kråkefot, snelle, bregne
Plante - 4 - Barlind, furu, sypress
Plante - 5 - Pil, valnøtt, pors, bjørk, hassel, bøk, alm, hamp, nesle, misteltein
Plante - 6 - Syre, fjørekoll, melde, nellik, nøkkerose, soleie, berberis
Plante - 7 - Valmue, korsblomst, reseda, soldogg, bergknapp, sildre, hortensia, rips
Plante - 8 - Rose
Plante - 9 - Ert, gaukesyre, storkenebb, blåfjær, vortemelk, lønn, kastanje, springfrø, spolebusk, trollhegg
Plante - 10 - Lind, kattost, tysbast, tindved, perikum, fiol, gresskar, kattehale, mjølke, hesterumpe, kornell, bergflette, skjermplante
Plante - 11 - Vintergrønn, vaniljerot, lyng, krekling, fjellpryd, nøkleblom, søterot, bukkeblad, gravmyrt, maure, vindel, ask, rublad
Plante - 12 - Leppeblomst, søtvier, maskeblom
Plante - 13 - Blærerot, kjempe, kaprifol, vendelrot, kardeborre, klokke
Plante - 14 - Korgplante
Plante - 15 - Saulauk, tjønnaks, dunkjevle, piggknopp, myrkongle, firblad, lauk, sverdlilje, hyasint, narsiss, konvall, marihand
Plante - 16 - Siv, storr, gras
Plante - 17 - Mat og drikke fra naturen
Plante - 18 - Plantemedisin fra naturen

Til startsida